Gull er eit metall med gul farge som finst i naturen. Gull er eit grunnstoff, som betyr at det er éin av byggjeklossane heile verda er sett saman av. Gull finst mange stader på Jorda.
gull
Gullklump på 17 gram som er vaska frå elvegrus.
Super Pit Gold Mine er éi av dei største gullgruvene i Australia.
Beskriving
Gull har ein gul farge. Overflata på gull er like fin og gul, sjølv om gullet ligg nede i jorda. Gull kan smeltast og formast. Det er så mjukt at ein kan presse det heilt tynt og strekkje det ut til lange trådar.
Gull er eitt av dei tyngste metalla: Ein liter gull veg nesten 20 kilo.
Gull smeltar ved 1064,43 grader og kokar ved 2807 grader.
Her finst gull
Gull finst mange stader på Jorda, også i Noreg. Det er gull i havet, i fjell, i grus ved elvar og i tørre elveleie.
Å hente ut gull blir kalla å utvinne det. Den eldste måten å finne gull på, er å vaske det ut av grus. I dag blir det oftast henta ut av fjell, frå gullgruver. I fjellet ligg gullet saman med eit mineral som heiter kvarts, og dei to må skiljast frå kvarandre ved å knuse dei. Gullkorna er så små at dei kan vere vanskelege å sjå.
I løpet av historia har folk vunne ut til saman omlag 100 000 tonn gull. For å få berre eitt gram gull, må ein i ei gullgruve sprengje og knuse så mykje som 1000 kilo fjell. Det kan gjere stor skade på naturen rundt gruva.
Bruk av gull
Før brukte ein gull til å lage myntar, saman med sølv og kopar. Derfor blir det òg kalla eit myntmetall. I dag blir det brukt lite gull til myntar.
Det er vanleg å bruke gull i smykke og andre ting av høg verdi. Det er også litt gull i gullmedaljane som vinnarane i OL og VM får. Tannlegar kan reparere hol med gull.
Gull leier straum svært godt, og derfor blir det brukt mykje i elektronikk, til dømes i mobiltelefonar, klokker og datamaskiner.
Noko av gullet i verda blir smelta om til gullbarrar, som bankane tek vare på.
Historie
Gull har alltid vore brukt som eit teikn på rikdom og makt. Den som var rik, pynta gjerne sverd og skjold med gull, og pynta med gull heime.
I fleire religionar er gull eit symbol for lys, eller på Sola. Somme trur at gull kan ha magiske eigenskapar, og det er viktig for historia i mange eventyr og bøker.