lynx   »   [go: up one dir, main page]

Våpensluer

Chloromyia formosa

Våpenfluer
Stratiomyidae

Våpenfluger er ein familie av insekt i ordenen tovenger. Det er kjend om lag 3000 artar i verda, fordelt på 400 slekter. I Noreg er det funne om lag 30 artar.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Stratiomyidae

Dei er ein variert familie med stor skilnad på artane, men er likevel ganske enkle fluger å kjenne att på det karakteristiske årenettet i vengene, som har ei særleg lita og diamantforma diskalcelle. Elles varierer dei frå små til ganske store insekt (2-18 mm lange), mange med sterke, metallskinande fargar. Det norske namnet sitt har dei fått frå piggane mange av artane har på scutellum, den bakerste ryggplaten på mellomkroppen. Bakkroppen er ofte noko flattrykt.

Larvane er flattrykte med harde skal, og lever anten på land eller i vatn. Alle er nedbrytarar.

Den svarte våpenfluga, Hermetia illucens, er økonomisk viktig då larvene vert dyrka som dyrefôr – særleg i fiskeoppdrett.

Kjenneteikn

Venga til våpenflugearten Microchrysa polita
Venga til våpenfluga Microchrysa polita, som er ein av dei vanlegaste våpenflugeartane i Noreg.

Våpenfluger er lægreståande fluger med normalt kulerunde hovud, stundom er hovuda noko breiare enn langt eller med ansiktet trekt ut i eit kjegleforma nebb. Antennene har tre segment, kor det tredje er vidare ledda i 4-8 ledd med ein stilett eller eit hår ytst i spissen. Hoa har alltid augo skilde, medan dei hjå hannen som regel møter i pannen. Munndelane har to-ledda palpar eller manglar.

Mellomkroppen til våpenflugene er firskåren og avlang. Den bakerste ryggplata bèr ofte mellom to og åtte sterke piggar bakerst, men hjå nokre artar manglar desse piggane heilt. Vengene er særs karakteristiske for familien, med vengekant Costa som når til åre R5, ei lita diamantforma diskalcelle som det spring 3-4 normalt ganske bleike M-årer ut frå, og ei analcelle som er lukka.

Beina er enkle, normalt utan stive børster, med tre tråputer ytst på foten.

Mange våpenfluger har sterke og slåande vakre fargar, ofte med metallisk glans. Dei kan vera svarte med gule, kvite eller grønaktig mønster, eller stundom jamvel metallisk blå eller grøne.

Larvene er flate og avlange med harde skal; dei som lever på land er ovale med eit avrunda sistesegment, medan dei som lever i vatn har flytehår eller pusteorgan på siste segmentet sitt.

Levevis

Hoer av terrestre våpenfluger legg egg på jord, møk eller rotnande plantemateriale, medan akvatiske artar legg egg på vassplantar eller mose.

Larvene klekker etter mellom fem dagar og tre veker. Dei er nedbrytarar eller rovdyr. Nokre artar i underfamilien Pachygasterinae lever under bork på tre, medan andre landlevande larver kan finnest i kompost, møk eller som gjestar i maurtuer. Akvatiske larver lever på grunna i stilleståande vatn og i myr, eller i teppe av mose i rennande vatn i kjelder og bekkar.

Puppa finnest som regel i same miljø som larvene, men nokre akvatiske pupper flyt i overflata. Dei vaksne bryt seg etter ei tid ut av ei T-forma sprekk på ryggsida fremst på puppa.

Vaksne våpenfluger sit som regel på vegetasjon langs vatnet, og nokre har svevande eller dansande svermeåtferd. Nokre artar kan vitje blomar og kan fungere som pollinatorar.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Animalia dyreriket
Rekke Arthropoda leddyr
Klasse Insecta insekter, insekt
Orden Diptera tovinger, tovenger
Familie Stratiomyidae våpenfluger, våpenfluer

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Stratiomyidae
Artsdatabanken-ID
21106
GBIF-ID
6923

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg
Лучший частный хостинг