Eit toppnivådomene er den høgaste hierarkiske delen av eit domenenamn på internett. Toppnivådomenet er den siste delen av eit domenenamn, for eksempel .no i snl.no eller .com i britannica.com.
toppnivådomene
Typar toppnivådomene
Det finst fleire hovudkategoriar av toppnivådomene:
Land
Desse er tildelte enkeltland eller territorium og består av to bokstavar, basert på ISO 3166-1-standarden. På engelsk blir dei kalla country code top-level domains (ccTLD).
Eksempel:
- .no – Noreg
- .se – Sverige
- .de – Tyskland
- .za – Sør-Afrika
Generiske
Desse blir brukte globalt og har ofte ein bestemd funksjon. På engelsk blir dei kalla generic top-level domains (gTLD).
Eksempel:
- .com – Opphavleg for kommersielle aktørar, men er no ålment brukt
- .org – Opphavleg for organisasjonar, men ope for alle
- .net – Opphavleg for nettverksleverandørar, men også ålment brukt
- .edu – For utdanningsinstitusjonar i USA
- .gov – For offentlege styresmakter i USA
Sponsa toppnivådomene
Desse er administrerte av spesifikke organisasjonar med avgrensa brukarar. På engelsk blir dei kalla sponsored top-level domains (sTLD).
Eksempel:
- .museum – For museum
- .aero – For luftfartsindustrien
- .coop – For kooperativ
Nye toppnivådomene frå 2012
Frå 2012 opna ICANN for ei stor utviding av domenenavnssystemet, som førte til hundrevis av nye toppnivådomene. På engelsk blir dei kalla new generic top-level domains (ngTLD).
Eksempel:
- .shop – For nettbutikkar
- .blog – For bloggar
- .app – For applikasjonar
Administrasjon og regulering
Tildelinga og administrasjonen av toppnivådomene blir styrt av Internet Corporation for Assigned Names and Numbers (ICANN), ein internasjonal organisasjon som regulerer domenenamn og IP-adresser på internett. ICANN er ansvarleg for å halde DNS-rotsona ved like, som er det øvste nivået i domenenavnsystemet (DNs). Rotsona inneheld ei liste over alle toppnivådomene og peikar til dei namneserverane for kvart av dei.
Rotstrukturen har historisk vore under betydeleg amerikansk kontroll. Det var det amerikanske forsvarsdepartementet som finansierte utviklinga av internett gjennom ARPANET på 1960- og 1970-talet. På 1990-talet vart ansvaret for domenenavnsystemet gradvis overført til private og internasjonale organisasjonar, men den tekniske drifta av rotsona var framleis knytt til amerikanske institusjonar. I 2016 overførte det amerikanske handelsdepartementet kontroll over ICANN til eit breiare internasjonalt styringssystem. Organisasjonen er framleis er registrert i USA og opererer innanfor amerikansk lovgjeving.
For landskodedomene har kvart land ei eiga registreringseining som handterer tildeling og regulering av domenenamn. I Noreg er dette Norid, som administrerer .no-domenet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.