Hafnarfjörður er ein bykommune ved Faxaflói på Island, 11 kilometer sør for Reykjavík. Kommunen har eit areal på 144 kvadratkilometer. Han inngår i Reykjavík-regionen og er Islands tredje største by. Til Hafnarfjörður kommune hører også staden Krýsuvík på sørsida av Reykjaneshalvøya, fråflytt midt på 1900-talet.
Hafnarfjörður var ein leiande handelsstad på 1400- og 1500-talet.
Byen er eit viktig industrisenter og stort fiskevær med fiskeforedling. Rett sør for Hafnarfjörður, i Straumsvík, ligg Islands største industriverksemd, aluminiumsverket ISAL, det eldste på Island. Byen har eit godt og moderne hamneanlegg.
Hafnarfjörður blir i musikkretsar omtala som «rock‘n’roll-hovudstaden» ettersom band som HAM, Botnledja, Jet Black Joe, Sign, Jakobinarina og Ulpa har sine røter i byen.
Hafnarfjörður er vennskapsby med Bærum.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.